søndag 11. juli 2010

Feriemodus

Vart litt inspirert av Bente Meland i hennar blogg.
Vi har hatt nokre deilige dager med masse kjekke aktivitetar denne veka. Eg er av den meininga av at ein tur på badestranda og kaste steinar er like kjekt for barna som Leikeland og Tivoli, men denne veka har vi faktisk gjort alt sammen. Sondre var litt uheldig på Barnas Leikeland og pådrog seg ein saftig blåveis (møte med jenter er ikkje alltid av dei gode) og kulen har i dagane etter vist dei mest fantastiske fargar. Eg vel likevel å vise guten i svart-kvit, berre fordi... fordi!
I går var vi på Hellesyltdagane og tenkte vi skulle vere kjempelur og stille klokka 9 på loppemarkedet. DAAAHHH! Var berre skrammel igjen når vi kom 10 over 9, ein skal jammen vere på hugget om ein vil gjere kupp sånne dager. Sånn vart vi gåande og fryse fram til Tivoliet åpna og sola kom i tolv-tida. Ungane tok masse karuseller, radiobiler var den største hiten for dei begge.
Vi har sånn fra dag til dag- ferie, veit ikkje heilt kva dagane skal bringe før vi ser korleis været blir. Det glovarme været lengre sør på kontinentet ser vi lite av her i nord, og til trass for daglig sol, har vi like mykje regnbyger som solglimt kvar dag. Da er det litt vanskelig å bestemme seg for badestrand eller inneaktivitetar...
I dag blir det nok antikkshopping på Brunstad om været ikkje betrar seg betraktelig. Kjekt det også!
Kos deg i ferien du også!

3 kommentarer:

  1. Hej!

    Hittade hit via en annan blogg. Så många fina foton, det gillar jag! Kommer gärna hit igen!

    Ha en bra söndag!

    Kram Pernilla

    SvarSlett
  2. Velkommen skal du være! :o)

    SvarSlett
  3. Så kallt!? Är det verkligen sant? Till er skulle jag faktiskt kunna tänka mig att offra några av mina grader;)

    Visst skickar jag smycken till Norge också! Återkom gärna om du hittar något du gillar och vill beställa!

    Kram Pernilla

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails