søndag 5. juli 2009

Ferien er her!

Det vert sjølvsagt litt avstumpa for min del, for dei som ikkje veit det, vart eg operert ved Medi3 i Ålesund for litt over 2 veker sidan og har vore noko redusert i forma i det siste... Men det kjem seg jo for kvar dag, synes ikkje det er så stor forskjell enda på forma, men eg er mykje meir i aktivitet no enn for ei veke sidan, så framover går det! Det er vakkert vær på Sunnmøre no, det er vel det i heile landet forstod eg det rett, men i alle fall såpass varmt at det ikkje er deilig å sitte i solveggen her heime. Så vi avtalte med Lind at vi skulle bruke dagen på badestranda, ungane storkoser seg der nede og mams kan plasserast i ein strandstol og ha det nokonlunde ok mest overalt! Sondre er seg sjølv lik og var i vatnet fra ca 10 til 16, kun med tomatsuppe på termos-pause og poseskift- pause. Han er i sitt rette element i sjøen og taklar kulde pussig godt! Hennie dupper tåa i og er fornøgd, kaster litt steiner og leiker ved bekken saman med Håkon, ho er svææææært glad i søskenbarnet sitt og all ære til han for at han har tålmod med ho! Som takk, vert han overausa med kyss, klem og nasegrus beundring fra lisja! Det virker som han synes det er ok! Hennie traff også på favoritt-barnehagetanta si, Terese (sagt med stjerner i blikket...) og hunden Cita som er heilt ny og veeeldig søt! Den scoora sjølvsagt full pott hos lillemor som gjerne ville hatt den med seg heim! Og ho er virkelig ei søt bissevovve, skal leite lenge etter noko meir nusselig!!! Sånn feriemessig skal vi no ha ei veke i lag alle sammen før paps reiser på plattform den 13. Da reiser nok eg på hytta til mor og far slik at eg kan få litt hjelp der det trengs, løfting osv. Ellers skal vi prøve å kose oss heime med kanskje ein svipptur til Vik og ein tur til Bryggja ved Måløy. Ha ein strålande ferie alle sammen fra alle oss!

1 kommentar:

  1. Heia snuppa, så kjekt å lese & sjå at dokke he det bra (bedre i ditt tilfelle...) der inne!! For å svar på din kommentar på bloggen vår... så er tempen i sjøen her med oss heller lav, uten at det ser ut til å bry Tuva :) ho skjelv på lippa konstant, men bader uansett :) kidsa er nok litt tøffere enn meg i alle fall.. :) vi hadde tenkt oss på beachen sammen med Kari, Preben og ungane i dag, men sjølvsagt vart det overskya akkurat denne dagen! Dei kom i går, og reiste i dag, koselig med besøk! Og heilt klart... dokke må prøve å få til en tur utover når dokke he anledning!
    Hvis vi ser vekk fra at brillene til Tuva vart rimelig maltraktert for en times tid sia... så går det veldig bra med brillebruken henna, ho har heilt klart oppdaga en ny verden! Ho løfter blikket som aldri før, og vi får mykje bedre blikkontakt med ho! No slapper ho av og ser på tven fra avstand og balansen ser ut til å ha blitt litt bedre òg!! Men må som sagt en tur på brilleland i morga, håpe dei klare å fikse dei... ho he sikkert trakka på dei... men vi har også backup briller som vi kan bruke, nettopp i et slikt tilfelle...
    Hihi... vart en lang kommentar det her, men like så greit å svare her i stedet for på min egen blogg :P
    Kos dokke i fineveret, og fortsatt god bedring!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails