onsdag 15. september 2010

Bryllupsbilder

Marit og Ivar overraska dei fleste då dei gifta seg fredag 27. august i år. Heldigvis for dei var det strålande solskin og vi fekk kome i den flotte hagen til Per og Krisbjørg Ødegård å fotografere. Denne dagen var nemleg været veldig ustabilt, først regn, så sol, så regn.... og sånn fortsette det! Eg tenkte å bruke lysthuset deira, men det viste seg at omgivelsane var så vakre i resten av hagen, at uansett kor ein snudde seg var det pur idyll!!! Så TUSEN TAKK til Per og Krisbjørg! Og takk til Marit og Ivar som ga meg denne tilliten!
Det må også nevnast at dei kom saman med sine (til saman) tre døtre, som var så fine at fotografen tok sikkert like mange bilder av dei :-)

søndag 8. august 2010

Ikea med ny sofa?



Var inne og scanna den siste katalogen til Ikea USA og fann denne nyheten... HOVÅS koster i norske kroner i underkant av 3600 kroner og stolen ca 2400,- JEY! Passer perfekt inn i vår stue :o) Har savna Ekeskog etter den forsvann, særlig lenestolane, og Ektorp er ikkje Sindre fan av. Denne, however.... :o)))

torsdag 5. august 2010

KitchenAid Pro er i boks!

























Har drømt om ei skikkelig kjøkkenmaskin lenge og no kom eg over ein handel eg ikkje kunne seie nei til! Denne modellen er ikkje å oppdrive i Norge, så importerte den fra USA. Den er laga for 220V- markedet, så den vil ikkje vere avhengig av omformer :o) NUUUDELIG!!! Er litt pyse, så valgte kvit... dei fins jo i mange farger, men eg planlegg å ha denne i åresvis og safa littegrann. Er den ikkje fin, vel???

mandag 2. august 2010

Bryllupsfotografering

Her er resultatet av mi første bryllupsfotografering i år. Brudeparet var kjempeflotte og ikkje minst veldig naturlige foran kamera. Det kan kanskje henge saman med at dette er en av dei mest romantiske dagane i livet og ein er litt inni ei boble av lykke? :o)  Desse to var i alle fall både heldige med været og med location, vi fekk ta bilder inne ved garden han kjem frå, og bilda er mange... Her er ikkje plass til halvparten ein gong! Vil i alle fall få takke dei så mykje for oppdraget og tilliten, for meg var det ei stor glede! Her er eit utvalg, velger å presentere dei i svart/kvit her på bloggen.

søndag 18. juli 2010

Atlanterhavsparken i Ålesund

I dag har vi kosa oss alle fire på Atlanterhavsparken. Det er lenge sidan vi var der sist, men det var ikkje så mange nye tilbud anna enn at vi fekk bli med på mating av pingvinane. Det var stor stas å få bli med på desse mate-showa deira, mest imponerande var dykkeren som mata dei store fiskane, der iblant Belinda - kjempekveita på nesten 2 meter og omlag 200 kilo! Dei største torskane, ålane og ikkje minst steinbitane var også av imponerande størrelse og eg hadde AAALDRI frivillig dykka saman med desse beista! Men kjekt å sjå på fra andre sidan av glaset i alle fall, og eg fekk kose meg mykje aleine med kameraet. Må seie det var utfordrande å få skarpe bilder gjennom så tjukke glas og med vatn som ikkje akkurat var krystallklart. Men artig å prøve seg likevel! På veg heim stoppa vi på antikkshoppen på Brunstad, kan ikkje køyre forbi når skiltet står framme!!! :o) Ingen godkjøp der i dag, men fann ein del interessante ting som skal vurderast. No er eg mest interessert i å finne eit gedigent skap som vi skal ha sengkle i på det nye soverommet, samt to bord vi kan bruke som nattbord. Her er nokre av bilda som vart knipsa i dag...


søndag 11. juli 2010

Feriemodus

Vart litt inspirert av Bente Meland i hennar blogg.
Vi har hatt nokre deilige dager med masse kjekke aktivitetar denne veka. Eg er av den meininga av at ein tur på badestranda og kaste steinar er like kjekt for barna som Leikeland og Tivoli, men denne veka har vi faktisk gjort alt sammen. Sondre var litt uheldig på Barnas Leikeland og pådrog seg ein saftig blåveis (møte med jenter er ikkje alltid av dei gode) og kulen har i dagane etter vist dei mest fantastiske fargar. Eg vel likevel å vise guten i svart-kvit, berre fordi... fordi!
I går var vi på Hellesyltdagane og tenkte vi skulle vere kjempelur og stille klokka 9 på loppemarkedet. DAAAHHH! Var berre skrammel igjen når vi kom 10 over 9, ein skal jammen vere på hugget om ein vil gjere kupp sånne dager. Sånn vart vi gåande og fryse fram til Tivoliet åpna og sola kom i tolv-tida. Ungane tok masse karuseller, radiobiler var den største hiten for dei begge.
Vi har sånn fra dag til dag- ferie, veit ikkje heilt kva dagane skal bringe før vi ser korleis været blir. Det glovarme været lengre sør på kontinentet ser vi lite av her i nord, og til trass for daglig sol, har vi like mykje regnbyger som solglimt kvar dag. Da er det litt vanskelig å bestemme seg for badestrand eller inneaktivitetar...
I dag blir det nok antikkshopping på Brunstad om været ikkje betrar seg betraktelig. Kjekt det også!
Kos deg i ferien du også!

søndag 4. juli 2010

Tur til Ystehola

I dag har vi vore på skogatur nesten heile familien. Mi eldste søster, Tone, feira sin 40-årsdag i går kveld og var rimelig opptatt med vasking av festlokaler, ellers mangla vi Pål, Pappa, Sindre og Georg. Da vart det oss andre som brukte denne nydelige dagen i skogen. Det var ein fin tur, det var bratt enkelte parti, men det er ikkje lengre biten enn at vi greidde det heile hurven. Hennie var berre litt "låkki foten" og måtte bærast på tanteskuldre, ellers gjekk alle sjøl! Framme i Ystehola var det kjempefint for ungane å være, masse spennande å finne på, fin benk som ein f.eks kunne ete sjokolade ved :o) Som vi gjorde! Etter turen reiste vi opp til Tone og Pål som serverte Bacalao fra festen i går og masse rester fra kakebordet. Vi pinglene som ikkje åt Bacalao fekk pasta. Det er så deilig no om dagen, vi har hatt to deilige dager med sommertemperaturer! Nesten gløymt kva det vil seie å ha sommar, surt som det har vore denne våren. Fysjom, no får vi håpe sommaren gir oss litt varme og sol, vi treng det store og små!
Så må vi få helse til pappa´n som må stå att på Nordsjøen ei veke... Synd, men vi skal alltid fixe det og! Men vi gler oss til at du kjem heim!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails