mandag 20. juli 2009

Hyttetur til Averøya

Sindre reiste ut sist mandag og eg er ikkje i aller beste form, så det vart avgjort at ungane skulle bli med mormor og morfar til hytta tirsdag morgon sidan eg skulle til legen onsdagen. Så eg sendte dei av gårde og kjeda meg egentlig ganske mykje sidan eg starta opp med grissinibaking (det tek over 5 timar å lage...)Men eg rakk også en tur til Sykkylven for å kjøpe beis til utestua (billig, billig) sånn at eg har det når eg er frisk nok til å beise... Etter legetimen min på onsdag reiste eg etter med nok oppakning for fleire veker... som vanlig! Men det er kjekkare å ha for mykje enn for lite, er min filosofi, og for Hennie sin del, trengte ho kvart plagg eg hadde med! Det vart ikkje mykje soving med meg og begge ungane på eit rom, vi som er vant med kvar vårt rom og egen seng osv, men det gikk da på ein måte. Vi reiste til Kristiansund dagen etter og parkerte på GOMA slik at vi kunne ta Sundbåten Syver en runde. Den var akkurat som eg huska den fra barndommen og ungane synes også det var stor stas! Etter det besøkte vi tante Urd og Øyvind og fikk vaffel med heimelaga sylte og masse namma, akkurat som vi fikk da vi var små! Vi for heim til hytta og resten av dagen var vi ved hytta i leik og moro. Fredagen kom Tone til hytta med Georg og Håkon, som var en stor lettelse for oss alle, ungane leikte seg superfint og eg baka kake, boller og laga sodd til middag som vi kunne ha heile helga gjennom. Alt smakte og lørdagen for eg og Tone en tur til Kristiansund på shopping, det var også deilig! Det var kanskje litt skuffande med butikker der, vi er nok vekkskjemte med moa'n vår, har alt sammen så nære og utvalget er så stort! Men vi fikk no svidd av nokre kroner likevel. Vi var tilbake tidlig og reiste til Farstadsanden og holdt på å blåse vekk, det var sand i alle auger og det gikk ikkje an å være der uten å få sand overalt, så vi var der nok ikkje lenger enn 10 minutt innan vi tok til fornuft! Vi spiste en is i Kårvåg og kjørte tilbake til hytta. Resten av dagen fauk av gårde og søndagen reiste vi heim rett etter frokosten. Det har vore Moldejazz i helga, så vi var litt bekymra over fergene, men det gjekk kjempebra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails