onsdag 12. august 2009

Crazy kids!

Berre ler meg ihjel nokon gonger av ungane og alt dei seier og gjer! Denne dagen var barnehagen stengt pga planleggingsdag, eg hadde det travelt som bare f... da eg har utgivelse av nytt magasin denne veka og ungane var... ja, uoppdregne! Måtte berre kjøpe meg fri så eg fekk nokre timer samanhengande konsentrasjon foran PC'n, så vi for på leikebutikken og Sondre fekk seg eit stort sett med Thomastog som han har sikla på lenge, Hennie forstår (HELDIGVIS) ikkje verdien av penger enda, så ho skulle ha seg sprettball! Vel heime tok det heilt av, Hennie har kledd på seg sjøl etter dobesøk og har buksa på bak - fram, begge spring vilt rundt omkring etter det som plutselig heitte "SPRETTENDE BORIS" (Hennies sprettball)!!! Heilt umulig å vite korleis namnet vart bestemt, men sånn har det altså blitt, Sprettende Boris er stort sett i skjul, ho mister den heile tida og store deler av dagen går med på leiting. Vel, dagen vart i alle fall ganske så urolig, men veldig kjekk! Men eg må innrømme at barnehagen var god å ha neste dag! :o)

1 kommentar:

  1. haha...boris...ja kor tek dei det fra???
    hærlige kidz!!!
    mine he vør heime i dag...og bli no i skrivande stund børsta og styla på håret...AUUUUU!
    ei va akkurat i skåpet og stjal honni-korn...
    tusen ting som burde vore gjordt,men e gir opp!!!
    kosa me mæ ungane istaden!
    men forstår frustrasjonen din når du MÅ jobbe;)
    Då må en berre gjere det en må,for å kjøpe se tid;)
    No kom et nytt lass med klemme...

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails