mandag 3. august 2009

Siste feriedag 2009

Trur eg kan snakke for heile familien når eg seier at det er godt å få att kvardagen igjen, vi har ikkje hatt ferietur denne sommeren fordi den kræsja sånn med Sindre sin turnus, pluss at eg ikkje har vore sånn i kjempeslag. Da har vi gått å tusla heime og det hadde vore kjempegreitt dersom været kunne ha vore litt bra... som det ikkje har vore, så lunta har vore kort både på små og store i den Svorkåske heimen! Ferie på Stranda er knall dersom en kan vere mykje på badestranda og ungane kan bade og leike uten å vere redd for å bli våte, men ferieveret er som vanleg 9+ og nordavind... Det er juli på Stranda, det!

Uansett, siste dagen starta med besøk av Helge, Randi og ungane med kaffi, brus og solboller på verandaen, ungane leika seg utrulig bra i lag og endte til slutt borte med dei, Hennie på tur aleine for første gang... Vi studerte ho heile turen tilbake, aleine, bittelita med alt for store støvla... klump i halsen!!! Ho begynner å bli sjølstendig og stor, lillejenta vår! Seinare ringte Vera og sa ho hadde ordna pastasalat til oss og ville ta den med til Strandparken og vi er IKKJE tungbedd! Grilla litt pølse til ungane og kosa oss MASSE der nede, men kvepsen er jammen meg arg for tida! Mille hadde heldigvis huske MaxSmekker'n så vi sløkte lyset for ganske mange kvepser... Til pass til dei! Randi kom også med jentene mens Helge jobba på fjellet, og til stor glede og overraskelse dukka Iver opp. Sondre hylte som ei jente da han oppdaga han! Kjekt å sjå kor stor glede dei har av kvarandre! Vi for heim i sjutida og ungane var kanongåend, Hennie ville berre legge seg med en gang og det var heilt foin for i morgon er det BARNEHAGE!!!!!!!

4 kommentarer:

  1. Ååå så koselig...skulla gjerne hatt slike gode venner litt nærmare!! Det mangla vi her ute... men men, ein kan ikkje få både i pose og sekk! :) Det er deilig at kvardagen er her igjen, Tuva hadde første tilvenningsdag i bhg idag, som gjekk strålande forresten! :) klem

    SvarSlett
  2. Tusen Takk for en fin dag i lag i går;)
    Vi e utrulig heldige som bor so nært en fantastisk plass,når toaletta kjem på plass bli det perfekt!!!

    Det va veldig godt å levere i barnehagen igjen,spesielt når ho knappast snudde se etter me då ho gjekk inn,og når eg henta måtte ho vise ka flink ho va blitt te å mestre klatrestativet!Kom mamma,KOMMMM!
    Håpe det går like bra på SFO i mørga...

    Fine bilde da;)
    ka program e det du bruka for å legge bilda i fleire lag? e det PS?
    Innlegga bli so oversiktlig når du fe samla bilda litt,mine innlegg bli berre ei lang remse...

    see ya!

    SvarSlett
  3. Jepp, Photoshop :o) Love it!!!

    SvarSlett
  4. Ja de vokser seg farlig fort store altså! Mille begynte på storebarn på tirsdag og stortrives...heldigvis. Ikke har hun hatt noen uhell i buksa siden hun begynte der heller. Håper det varer. Du lager forresten kjempefine illustrasjoner..bloggen din er en fryd for øyet.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails