lørdag 12. september 2009

Bessmor er her hos oss!

Forrige veke reiste vi til Orkanger og da vi skulle heim igjen, blei bessmor med på lasset. Sondre og Hennie kan rett og slett ikkje få nok av ho og koser seg max i hennar selskap! Det som er saka, er at ho er ein fantastisk leikekamerat og dei har berre sånn naturlig kjemi at det er berre skummelt... Skulle ønske eg hadde evnen til å leike meg med ungane slik bessmor kan! Været har vore skikkelig ekkelt heile tida sidan vi kom fra Trøndelag, det har det for øvrig sidan fellesferien starta, men denne veka har det berre BØTTA ned i sånne mengder at vi har omtrent ikkje vist oss utanfor dørene. Da er det godt å ha kjekt selskap her heime og vi prøver så godt vi kan å overtale henne til å bli til Sindre kjem heim fra Nordsjøen. Trur det går i boks! Bessmor har operert og er for tida sjukmeldt og det er berre kjekt for oss at ho er her. Ikkje alltid at dette er mulig! I morgon er det påstått at det skal bli opplett, sågar litt solskin (tru det dei som vil) så da tenkte vi å ta dei med på Ljøbrekka ein tur. Det er godt mulig at Mari til Monja også blir med, så det blir stas!

2 kommentarer:

  1. Dinna Bessmora må vere av Gull;)))
    ser ut som dokke får go'vær til å gå tur?
    her skin sola vertfall! i dag får vi besøk av en gjeng med hyttefolk som he vore i stryn...

    SvarSlett
  2. Jepp, blei kjempegreier! Sin sol og blide barn, Hennie gjekk nesten sjøl (takk gud for tante Line og morfar) og vi fekk alle navna våre i bokji! Stor stas!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails