lørdag 2. januar 2010

Innedag hos Svorkåserane

Denne dagen har vore heilt SUVEREN! Det heile starta med at eg fekk hentelapp fra posten om at min nye Canon Speedlite 430 EX II kunne hentast. Gjett om eg var snar! For alle dei som har fundert på om dette er noko å ha eller ikkje; DETTE ER FANTASTISK!!! Eg og ungane har mora oss med masse sjølvportrett, Sondre har fått lage sine "morsomme" grimaser, og lillejenta hermer så godt ho kan :o) Det har nok blitt knipsa i overkant av 200 bilder i dag, deriblant dette blinkskuddet (det viser i alle fall litt om humøret på oss). Er redd eg må utvide harddisken min no, tipper på at den allerede enorme bildebanken vil vokse seg størrefor kvar dag som går. Hurra!!! Tenkte å nevne at det er ikkje for ingenting at vi er inne i dag. Sondre har ikkje vore frisk på det vi kan huske no, det begynte med forkjølelse og krupp tidlig i desember og etter det har ikkje hosten gitt seg. Han hadde også omgangssjuke og har vore slapp og ute av form i romjula, men no er det stive -10 ute, så da bestemte ho mor seg for at vi skulle bli kvitt hosten en gang for alle! (Kanskje får vi sove igjen om natta da?)

1 kommentar:

  1. Så bra du er fornøyd med blitzen Rita, kos dej ;) Dokke e no so herlige atte, ser ut som det er god stemning i heimen ja!! :D
    Håpe Sondregutten blir fort frisk igjen no... ikkje godt å halte så lenge, hverken for store eller små!
    Stor klem fra tantecilie c",)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails