torsdag 7. januar 2010

Rock'n roll trassetroll!

Trur eg låner overskrifta til Silje i dag, den passer sååå fryktelig godt til stemninga i huset for øyeblikket... I går var vi på leikebutikken fordi dei fekk ein del pengar til jul som brann litt i lomma... Det var litt på måfå dei leita rundt, men Hennie ville som vanlig berre ha sprettballer inntil ho fann ei lita bamseharefrøken (Helene, sjølvsagt) og ein liten bamseløveunge (Leo) som var så knusedeilige at ho holdt på å besvime!... Mens Sondre fann seg elektrisk gitar! Endelig!!! Vel heime vart det FULL KRIG om gitaren, den har nemleg mikrofon på stativ som koblast på gitaren (som for så vidt spelar crappy musikk med dååårlig lyd). Det endte som det bruker; mor kaster både gitar og mikrofonstativ oppå kjøleskapet, begge ungane ligg på golvet og skrik så høgt dei kan i reint raseri, så det var sååå hyggelig så! Før dette fekk eg dette bildet av lillemor i full utfoldelse, søt er ho, men HJELPE meg for eit TROLL!!!

Ellers har eg fått leika meg masse med Photoshop desse to dagane, Silje har introdusert meg for heilt fantastiske metoder for bilderedigering. Dette er heilt banebrytande for meg og ikkje minst, svææært tidsbesparande (når eg får lært det skikkelig i alle fall). Så hjertelig takk, Siljemor, du er en knupp!

Vi tenker også litt på Tuva i dag, som er på Haukeland for å treffe flinke fagfolk. Håper så inderlig at dei snart får ei avklaring på problematikken sin. Så vi krysser fingrane!

Så kjem papsen heim over helga, eg reiser til Trondheim på søndag, så eg ser han ikkje før fredagen, men da skal vi kose oss skikkelig! No i helga skal vi på sparketur, eg har kjøpt ny spark på finn.no som vi gleder oss til å prøve (håper berre det ikkje blir like kaldt i helga... -13 no)

4 kommentarer:

  1. Naturtalent!!! e ser ei lysande framtid for ei komande rockestjerne...og ikkje minst rockestjerner har lov til å vere rebellar!!! hihi =D

    SvarSlett
  2. Det hjalp å krysse fingrane tanteRita...no fekk vi endelig nokre svar!! :)

    Trassetrollet er heilskjønn! Tøft bilde!!

    Gleder meg til å teste ut redigeringsteknikken i photoshop....må berre vente til eg får reparert pcen min...harddisk krasj!!! Heldigvis tok vi backup av bilda, berre dager før totalkrasjen!! Puh...lettere stressa...

    Håpe alt går bra i Trondheim,

    stor klem frå mej :o)

    SvarSlett
  3. Kult bilde! hehehe..trassetroll er alltid like funny...NOT!! Bare tell til ti...eller hundre:-) Photoshop en steike genialt..og actions er bare icing on the cake!!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails