lørdag 27. februar 2010

Så fekk vi svaret vi ville høyre!






















Eg og bror var i Trondheim i begynnelsen av denne veka, vi skulle etter avtale undersøke om alt låg til rette for at Sondre kan få eit "vanleg" liv utan stomiposen. Vi reiste mandag morgon, guttungen gledde seg stort over flyturen og at vi kjørte buss, vi fekk enda til sitte bakerst! Det er visst det beste i verden! På At. Olavs vart vi innkvartert på kirurgisk sengepost og skal jammen seie dei har fått opp standarden der sidan sist vi var innlagt der! Tirsdagen var det fasting fra morgonen av, han var satt opp som nr.2, men det gjekk sjølvsagt skeis (har aldri opplevd å få komme til til avtalt tid), klokka var nærare tre da han vart trilla ned til narkose. Sjølve anestesiprosessen gjekk kjempefint, var no ein heil del meir forberedt enn sist. Ekkelt er det åkke som! Da vart det trakking i gangane for ho mor eit par timar, før dei henta meg ned på recovery. Guttungen vart etterkvart i ok form, men veeeldig tungt å våkne! Møtet i etterkant med Stein Erik Haugen (kirurgen) var kjempepositivt, vi er no lova operasjoner, den første innan juni, og den andre utpå hausten dette året. Så da ser det ut for at 2010 vert siste året for storebror med pose på magen :o) Hurra!!!

3 kommentarer:

  1. Så glad for at alt gjekk bra!!! Kjekt at Sondre kosa seg på tur med mamma <3

    SvarSlett
  2. Det var veldig koslig å få være litt aleine med han også! Hennie er så krevande på meg, nesten så ho et opp alt rommet rundt meg... Ekkelt å tenke på, men det er nok ikkje så mykje han får komme meg nær, egentlig... Men denne turen var god, det andre bildet er fra Værnes, han var jo berre oppslukt av flya, da! Vart litt eventyr for han, ditta!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails