onsdag 31. mars 2010

Kjedelige dager egentlig...

Det er godt når snøven endelig gir opp mot vårvarmen og vegane vert bare igjen! Fram med småsko og syklar med det samme!!! Ein sånn vinter har eg kanskje aldri opplevd før, i alle fall ikkje sidan eg var lita. Men deilig! Mykje snø, fint brøyta har det vore og KALDT, KALDT... For å vere ærleg skulle eg ønske at det var dette standarden på vintrar var her til lands! Men no takkar vi altså for den flotte vinteren, no vil vi gjerne ha sol og varmt ver igjen :o) Det er nok ikkje lenge innan dei første gåsungane sprett og strømpebuksene blir sløyfa, og det skal bli ei sann FRYYYYD!

Påska i år er eg og ungane utan papsen. Han er på Nordsjøen og for så vidt har det gått heilt greit så langt. Men rart er det! Etter at han byrja å jobbe for Dolphin, har eg gått over fra å nyte helgane til å gleeede meg over vekedagane. Det er ei utfordring å ha fri i lag! Det er mykje kos, mykje god mat og kjekt besøk, men jammen er det mykje trass og utprøving også!

Det er nok heilt klart helligbrøde å seie det høgt, men eg er ikkje overbegeistra over ferier.,. Det blir fort litt kjedelig og i dag gjorde eg noko eg ALDRI trudde eg skulle gjere! I rein frustrasjon rasa vi ut til sentrum etter stengetid og masa oss til adgang på leikebutikken så vi fekk kjøpt ein DSi til Hennie også! Det har altså vore ei konstant krangling etter Sondre fekk sin til jul, ho kuppar den så sant ho greier og slepp IKKJE taket! Så i dag toppa det seg for ho mor, og eg såg for meg helligdag etter helligdag med evig kjekling om denne tingsten, så plutselig tok eg altså action... Eg er ikkje stolt av det, men sånn blei det! 

Om ettermiddagen vart det uansett litt heftig inneliv, så vi kledde på oss og tok en sparkesykkeltur i nabolaget. I samme slengen stakk vi opp til gammeltante sånn at ho fekk seg en goood kos. Har ikkje kringkasta det, men bessfaren til Sindre, Einar Svorkås døde på mandag, ein naturleg og rask død... men sårt er det uansett! På fredag reiser vi en tur på hytta, mormor og morfar kjem fra Spania den dagen også, så da blir det spennande å sjå om det er noko sydengodis i koffertane! Neste veke vert det tur til Orkanger i sørgeleg ærend, vi gruar nok for det alle sammen.*

God påske til alle sammen fra oss!

2 kommentarer:

  1. Så trist med Einar... vi sender ein trøsteklem til alle i familien!!!

    Ellers så vil eg berre seie det at eg syns du er fantastisk flink Rita, som klarer å holde fortet... når pappsen er borte! Supermum e du!!!!

    Gla i dokke alle 4 <3 klem

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails