tirsdag 16. mars 2010

Tanntrekker´n

Sondre har ei lita helsing til pappa på nordsjøen. Da han tok tannpussen i kveld, drog han like gjerne ut den lause tanna si sjøl! Gjett om det var en modig og stolt kar? Han fekk meg til å love dyrt og hellig at eg skulle blogge et bilde til papsen så han får sjå det kule, store hølet nede i munnen. No får vi berre håpe at det veks litt i munnen før fleire løsnar...

I følge han sjøl, blir det mykje dyrare for tannfeen når ungar trekke sine egne tenner, så vi får vel grave djupt i pengepungen denne gangen også. Lite vart sagt om at tanna hang å dingla laust og ville nok gå med i løpet av natta likevel... Men blod vart det, og det kostar!


Hennie synes det kan begynne å løsne litt med ho også, det er nemlig ganske dårlig med penger
i hennar spareskål, det beror i all hovudsak på at ho er skikkelig lat når det gjeld å hjelpe mor og far med arbeid og oppgaver ho får, mens broren begynner å forstå verdien av hjelpsomhet. Han har bl.anna egen jobb med å hente opp søppeldunken kvar veke etter den er tømt. Ein vinn-vinn- situasjon for alle og han får merke at pengar veks ikkje på tre, men er ein ting ein må jobbe for. Han har også lært seg at dei pengane han jobbar for, sløsast ikkje vekk på tøv... Ein ekte sunnmøring i sjela, med andre ord :o)

2 kommentarer:

  1. Tøffaste kompisen altso!!!
    Flink gutt;)
    tru vi må begynne å banke inn litt sunnmørs-vett
    her i hus oxo...

    SvarSlett
  2. Storebroren e kjempetøff & flink!!!
    Stor og go kos fra tante <3

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails