lørdag 26. juni 2010

St. hansfeiring i Strandparken

Denne helga har eg og Sondre kosa oss aleine mens Henniesnuppa vart med tante Tone og Georg på hytta til mormor og morfar. Dei reiste fredag ettermiddag og tida har gått alt for fort! Vi har rett nok fått gjort mykje, vi har handla, baka, vore i Tusenfryd Barnehage sin åpningsfest og no til sist har vi feira St.hans saman med små og store naboer og venner. Sondre vart ekstra glad fordi hans gode venn Iver kom saman med familien. Det var kjempekoslig at dei tok turen! Sondre vart som vanleg kliss våt etter kort tid, men det var såpass god temperatur at vi lot det stå til. Det vart full pakke der nede, med brudefølge, kjempestort bål og masse pølser og anna digg! Dette er såååå verdifullt, skulle tatt sånne kvelder mykje oftare!
Vi savner pappa ekstra mykje i sånne situasjoner, ikkje minst i morgon når HENNIEN vår blir 4 ÅR!!! Herlighet, kor tida flyg... synes nesten det er litt trist at ho no er ei "stor jente" og at ho sjølv også synes det. Veslejenta mi held på å miste bittelillebarnetmitt-væremåten og det kjem eg til å savne... masse! Men alle aldrar har visst nok sin sjarm, så tida får vi berre følge, om vi vil eller ei. I morgon vert det i alle fall familieselskap når dei kjem heim frå hytta, med pakker og kakekalas. Krona har ho med fra barnehagen, ikkje uventa har ho beordra den pynta med DINOSAURER! Fear, blomster og prinsesser? Aldri i livet!

1 kommentar:

  1. Takk for en kjekk kveld;)
    Klokka bikka 01.00 då vi kom inn døra heime;/ Men det e faktisk verdt det!!! vi vil deff ha fleire tura dit;)

    Hipp hurra for snuppa <3
    Gleda me til ho ska få åpne pakka frå oss;)

    Kos dokke med selskapet!
    klem <3

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails