søndag 18. juli 2010

Atlanterhavsparken i Ålesund

I dag har vi kosa oss alle fire på Atlanterhavsparken. Det er lenge sidan vi var der sist, men det var ikkje så mange nye tilbud anna enn at vi fekk bli med på mating av pingvinane. Det var stor stas å få bli med på desse mate-showa deira, mest imponerande var dykkeren som mata dei store fiskane, der iblant Belinda - kjempekveita på nesten 2 meter og omlag 200 kilo! Dei største torskane, ålane og ikkje minst steinbitane var også av imponerande størrelse og eg hadde AAALDRI frivillig dykka saman med desse beista! Men kjekt å sjå på fra andre sidan av glaset i alle fall, og eg fekk kose meg mykje aleine med kameraet. Må seie det var utfordrande å få skarpe bilder gjennom så tjukke glas og med vatn som ikkje akkurat var krystallklart. Men artig å prøve seg likevel! På veg heim stoppa vi på antikkshoppen på Brunstad, kan ikkje køyre forbi når skiltet står framme!!! :o) Ingen godkjøp der i dag, men fann ein del interessante ting som skal vurderast. No er eg mest interessert i å finne eit gedigent skap som vi skal ha sengkle i på det nye soverommet, samt to bord vi kan bruke som nattbord. Her er nokre av bilda som vart knipsa i dag...


9 kommentarer:

  1. Koselig med familietur, vi enda på tur i ... barnehagen. Ikkje av det allermest spennande kanskje... men jentene kosa seg i alle fall ;)
    Fine bilder, med masse herlige farger!
    Ha ei god veke snuppa mi, er det ferietid for deg eller?
    p.s. tusen takk for koselig kommentar på bloggen min ;)

    SvarSlett
  2. Hei Rita! Er no inne og snik på sida di og ser på dei fine bilda dine, du er utrulig flink altså!!! Fornøyd med det nye kameraet??
    Fekk iallefall nokre fantastiske bilder fra Atlanterhavsparken -trur e må ta med me Aksel dit ein dag ja.

    Legg me til som følger e!

    Ha ein fin fin sommer videre!

    Marianne:)

    SvarSlett
  3. Kjekt at du besøker meg, Marianne! Er nok inne å titta litt på din blogg også innimellom, du er så utrulig kreativ! Legg meg til på lista di eg også :o)
    Cecilie, vi ferierer. Eg har hatt to veker allerede, men den første veka endte med at eg jobba tre dager, så dei får eg spare på til seinare. Blir svært værsjuk av klimaet, om Sindre er vinterdepressiv, er eg nok sommerdepressiv... Blir så skuffa over sommaren kvart einaste år, romantiserer den og forventer sol, varme, kjoler og deilig veranda- og strandliv. SÆRLIG!!! Da blir eg altså litt bitter og kan ikkje hjelpe for det...
    Barnehagen er vel grei nok, den? Masse kjekke leikeapparat som dei er vant med!

    Må nok berre pelle meg i kjelleren og male ferdig soverommet vårt, Sindre venter på at eg skal bli ferdig så han får legge golv. ADIOS :o)

    SvarSlett
  4. Og Marianne... kjempefornøgd med det nye kameraet. Men det merkast at ein er komen inn i ei ny klasse, det er meir avansert og ikkje minst TUNGT! Ein annan "bakdel" er at det er litt meir skepsis til å ta det med på småturer pga at ein er meir redd for at det skal skje noko med det, angrer bittelitt på at eg solgte 500Dén da det kanskje er meir lurt å ta med til f.eks syden. Ser ikkje at eg vil ta med eit kamera med tilhøyrande optikk i denne prisklassa på sånne turer. Men ellers er eg STRÅÅÅÅLANDE fornøgd med det.

    SvarSlett
  5. e sooo deilig med bilde frå vannelement;)))
    gle me til vi ska ha oss en tur på akvariet i Køben,og zoo og tivoli...håpe e fe til noken bra bilde da!
    dykkerlapp og undervannshus hadde vør kult;) tjukke glas e ikkje kjekt...umulig...men fiskane og sjøstjerna kjem fint fram da...e du redigert mykje?
    bli kjekt å få prøve med blitzen...

    SvarSlett
  6. E tok berre uten blits, men med skyhøg ISO... redigert ganske kjapt :o)

    SvarSlett
  7. For noen bilder du tar. Du er så utrolig flink Rita.
    Klem

    SvarSlett
  8. Tusen takk, Mariann! Kjekt med skryt :o)

    SvarSlett
  9. Vilka underbara bilder! Roligt att se dykaren, men jag skulle inte vilja vara där nere bland alla fiskar själv..

    Ha det bra!

    Kram pernilla

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails