søndag 4. juli 2010

Tur til Ystehola

I dag har vi vore på skogatur nesten heile familien. Mi eldste søster, Tone, feira sin 40-årsdag i går kveld og var rimelig opptatt med vasking av festlokaler, ellers mangla vi Pål, Pappa, Sindre og Georg. Da vart det oss andre som brukte denne nydelige dagen i skogen. Det var ein fin tur, det var bratt enkelte parti, men det er ikkje lengre biten enn at vi greidde det heile hurven. Hennie var berre litt "låkki foten" og måtte bærast på tanteskuldre, ellers gjekk alle sjøl! Framme i Ystehola var det kjempefint for ungane å være, masse spennande å finne på, fin benk som ein f.eks kunne ete sjokolade ved :o) Som vi gjorde! Etter turen reiste vi opp til Tone og Pål som serverte Bacalao fra festen i går og masse rester fra kakebordet. Vi pinglene som ikkje åt Bacalao fekk pasta. Det er så deilig no om dagen, vi har hatt to deilige dager med sommertemperaturer! Nesten gløymt kva det vil seie å ha sommar, surt som det har vore denne våren. Fysjom, no får vi håpe sommaren gir oss litt varme og sol, vi treng det store og små!
Så må vi få helse til pappa´n som må stå att på Nordsjøen ei veke... Synd, men vi skal alltid fixe det og! Men vi gler oss til at du kjem heim!

4 kommentarer:

  1. Ååå så kjekt! Alltid så godt med tur i skog og mark, balsam for sjela!!
    Ej og småjentene var avgårde å helste på sauer og lama i går! Dei storkosa seg! :)

    savna dokke.... klem frå mej

    SvarSlett
  2. Var dåkke på Hakallegarden? Kanskje vi skulle tatt oss en tur ut, så vi fekk oppleve den vi også! Sindre må jobbe overtid denne veka, men han kjem att neste mandag. Skal sjå kva vi får til. Har dåkke ferie og fri alle sammen?

    SvarSlett
  3. Dokke e heldig som he stor familie;)
    kos med sånne tura!!!
    Pappa kjem i helga så da tru e vi oxo må på tur;)
    kor det går med den nye "kameraten"?
    blei litt hektisk på lørdag...kom ikkje me så langt at e fikk ringt oppatt,kom jo på at du sku i selskap...
    plinga de sikkert i mørga;)

    SvarSlett
  4. Eg og "kameraten" er riktig så gode venner allerede :o)
    Ja, vi er heldige som bor midt oppi alt dette... berre så synd vi tenker så lite over det i det daglige! Denne sommeren skal vi meir på skogatur og små fjellturar, ein dag får vi dykk kanskje med over flofjellet?

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails