fredag 1. mai 2009

1. Mai og kappløp

I dag er det 1. mai og tradisjonen tru spring vi 60- meter'n ute i sentrum. Det er Sondre sitt 3. år som deltager og han viser gradvis progresjon, mens Hennie er deltager for første gang i år. Ho var foressten skikkelig sein i avtrekkern, men fekk fort opp farta når ho endelig var i gang! Sondre fant Isak med en gang vi kom ut og dei ville springe i lag. Hennie fekk henge på etter mykje diskusjon... Etter løpet fekk dei premie og så for vi på Statoil og kjøpte is, Sondre drakk slush. Han traff Iver akkurat når vi skulle fare, så da tok han like godt en løpetur i lag med han også. Kjekt med premiane etterpå, veit du! Vi møtte Håkon og tante Tone og dei ville komme inn en tur å leike litt etterpå. Vi voksne satt på verandaen i det fine været, ungane leika seg fint i lag for ein gangs skuld... No har dei brukt opp heile varmtvannstanken, dei var fulle av leire og Sondre hadde augene fulle av sand, så det måtte dusjast! I morgon får vi besøk av Iver, bestisen til Sondre og da tenkte vi å pakke picnickorg og fare ned på badestranda og leike. Det gler vi oss til!

1 kommentar:

  1. Så gøy med 1.mai tradisjon, kjekt for ongane ditta!! :) Må forresten berre sei at bilda du laga til på bloggen din e heilt knall!! Lett å sjå at det e en grisedyktig grafisk designer som blogger!!! :o) skulla so gjerne hatt en brøkdel av kunnskapane dine!! :) klem :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails