lørdag 2. mai 2009

Sondre har hatt besøk av Iver i dag

I dag begynte vi som vanlig dagen grisetidlig! Sondre er ikkje akkurat medgjerleg når han skal i seng om kveldane, så da har vi funne ut at det einaste som gjer han trøtt, er å drage han ut av senga i seks-halv-sju-tida om morgonen. Det gjorde vi også i dag. Vi hadde avtalt med Iver i går at han skulle komme inn i elleve- tida, og tida gikk veeeeeldig saaaakte for femåringen, men vi hadde mange ærend i dag tidlig, så tida gjekk fort. Så kom han og dei leika seg lenge med båtane til Sondre, men ville snart ut. Eg pakka engangsgrill og pølser, brød og drikke, så for vi ned til badestranda og leika der i eit par timer. Dei er i ei heilt anna værd når dei kjem ilag, men Hennie gjorde sitt beste for å bryte harmonien. Ho lykkast heldigvis ikkje og la seg like godt på eit berg og surmulte resten av tida. Vi grilla pølser og gutane spiste godt, etter det vart regnskyene rimelig tunge, så vi for heimatt for å leike videre med Lunvikfigurane. Iver vart henta i tretida og det var lite populært fra begge si side, vi får berre ønske han velkommen tilbake, det er alltid kjekt å ha besøk av han! No berre sløva vi, ungane har bada og no ser vi tv mens vi et en sein middag. Skal tru om papsen ringer i dag? Begynner å synes det er lenge sidan vi har sett han no, Sondre tell nedover til onsdagen. Men det blir nok torsdag før dei får treffast likevel pga reisetid. So long!

2 kommentarer:

  1. Iver hadde det iallefall kjempekjekt hos dykk. Han lurer på når han kan fare inn att. Han er spesielt misuneleg på alle Elisabåtane... Tyt stadig om kva båtar Sondre og som han ikkje har sjølv...

    SvarSlett
  2. Iver er alltid velkommen, sa det til han før han for sist. Han e snill, kjekk og høfleg, pluss at dei leiker såååå godt i lag! Båter har blitt Sondre si greie, han har hatt dei som favorittleiker sidan dei kom, kan ikkje prise dei nok, men dei er dessverre ikkje heilt produsert for småunger, ryn ihop berre du ser på dei...

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails