torsdag 14. mai 2009

H for HELT!

Håkon er heilt klart Sondre sin stooore helt! I dag ringte Tone og lurte på om vi ville ned på badestranda etter middagen, Håkon hadde bygd seg ein båt som han skulle teste i elva, og den var kjempefin! Det er heilt utrulig kor godt dei leiker i lag, Håkon leiker faktisk akkurat like godt med Hennie som med Sondre og han og Hennie holdt på oppi elva leeenge mens Sondre hadde oppheng i bølgene... Han er så oppslukt av bølgene og dett heilt vekk når han ser på sjøen. Det blir litt mykje springing på berga og dei er ganske glatte, så det er skummelt. Men det er uråd å halde dei vekk derifrå!!! Tante Tone hadde med melon, jordbær og appelsiner som vi fekk smake på, men Hennie var ikkje heilt i slag, så vi for oppatt tidlig, ho ba om å få sove sjøl i sjutida og ho hoster ganske friskt. Vi får berre be om at det ikkje blir meir forkjølelse...

1 kommentar:

  1. Kryssa fingrane for at du ikkje fe noke sjukdom i heimen te helga!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails