søndag 24. mai 2009

Middagsselskap med kjekke naboer

Så var det vår tur igjen til å holde middagsselskap og dette gikk for seg i går. Er noe redusert i dag etter fleirfoldige romslige glas med deilig rødvin, pluss litt meroder i og med at ein rett og slett ikke er så rutinert med rangling...Klokka var vel fire innan vi kraup opp i senga, men eg trur samtlige gjerne ville holde på lenger. Vel, fornufta tek en til slutt, heldigvis for det!! ;o) Sjølve middagen gikk unna, det var godt å sjå når en har laga mat og brukt tid på å sette sammen en meny! Til middagen hadde vi heilsteikt indrefilet av svin, marinert med kremost med kvitløk og friske urter. Til kjøttet serverte vi fylte sjampinjonger, nypoteter, aspargesbønner og en deilig krema soppsaus. Hadde en peppersaus på luringa for dei som eventuelt syntes der vart for mykje sopp, men ingen åt av den (som var kjekt for kokken. Til dessert åt vi heimelaga brownies med varm sjokoladesaus, is, litt bringebærsaus og frisk bringebær som garnityr. Det var deeeeiiiiliiiig og friskt! Legg alle oppskriftene ved dersom nokon vil prøve. Det var godt alt sammen, så dette er ferdig testa! :o)


Baconsnurr
Antal porsjoner:2
350 g svinefilet
2 ss urtekremost
1 ss finhakket friske krydderurter
5 skiver bacon
1 ss olje til pensling
Framgangsmåte:
Del svinefileten på langs nesten tvert igjennom, og legg kremosten og litt friske urter inni åpninga. Surr bacon tett rundt heile fileten, og bind det fast med hyssing eller små tannpirkarar. Pensle fileten, og grill den ca. 12 - 15 minutt på middels varme. Den må snuast ofte. Vi steikte i ovnen med steiketermometer, skal vise 76 grader når den er ferdig, ca 20 min på ca 150 grader.

Soppsaus
Antal porsjoner: 10
3 ss TineSmør
2 store løk
2 kvitløksfedd eller 2 teskeier med mosa kvitløk
300 g sjampinjong
2 beger TINE Lett Crème Fraîche Sjampinjong , eller TINE Lett Crème Fraîche med Fetaost og Soltørka tomat eller vanlig TINE Lett Crème Fraîche. Eg fann ikkje anna enn vanlig lett Creme Fraishe, så eg brukte den.
1 pakke matfløyte
2 dl vatn med 2 ss maisennamel
4 ss soyasaus
2 ss kalvefond
0.5 ts salt
0.25 ts nykverna peppar
Gastromat
Dryss: 3 ss grovhakka krydderurter
Framgangsmåte:
Finhakk løk og kvitløk og skjær sjampinjong i skiver eller båter.Brun løk og sopp lett i smøret i ei panne. Rør inn Crème Fraîche, fløyte, kalvefond og soyasaus og smak til med salt, peppar og gastromat. La det koke eit par minutt. Avslutt med maisennamel og vatn. Spe eventuelt ut med meir vatn om den blir for fyldig.

Fylte sjampinjonger
Porsjoner: 10
20 stk friske sjampinjonger
2 stk løk
1 paprika
300 g spekepølse (eg brukte westfaler og chorizo- blanding)
3 båt hvitløk
2 ts paprikapulver
1 ts salt
1/2 ts pepper
Olivenolje til steiking og smøring av langpanne
Bladpersille til garnityr

Framgangsmåte:
Rens sjampinjongane. Vri av stilkene, dei skal ikkje brukast. Skrell og finhakk løk og paprika. Surr dei i olje på middels varme til dei blir mjuke. Tilsett finhakka spekepølse og kvitløk, og la det heile bli gjennomvarmt. Smak til med salt, pepper og paprikapulver. Fyll sjampinjongane med pølseblandinga og dryss over persille. Pensle ei ildfast form med olje og legg sjampinjonghattane i. Steikes ved 200° C i 10 - 12 minutt.

Ga frosne aspargesbønner eit oppkok og serverte det heile med nypoteter med skal og dryssa med grasløk.




Til dessert serverte vi denne tallerkenen, deilige sjokoladebrownies!

Ingredienser til 16 biter:
225 g mørk sjokolade, 70 %
225 g smør
2 ts vaniljeekstrakt* (eventuelt 1 ekte vaniljestang, sjå nedanfor)
200 g sukker
3 egg, samanvispa
150 g malte mandler
100 g hakka valnøtter

Framgangsmåte:
Sett steikeovnen på 170 grader. Smelt sjokoladen og smøret forsiktig på svak varme i en tjukkbotna kjele (ha eventuelt i ei splitta vaniljestang, sjå *under). Ta kjelen av varmen, rør inn vaniljeekstrakt og sukker og la bli litt avkjølt. Visp egga inn i
sjokoladen og bland i mandler og valnøtter. Ha røra i ei firkanta bakeform (ca 24 x 24 cm). Steik kaka i 25-30 minutter til den er stivna på toppen, men fortsatt klissete inni. Avkjøl den litt i forma, før du skjær den inn i 4 x 4 stykker.

*Vaniljeekstrakt inneheld rom og er derfor ikkje å få kjøpt i norske matforretninger. Du kan splitte ei ekte vaniljestang, og ha frø og stang oppi sjokoladen som smeltar og deretter fjerne stanga. Eller du kan lage vaniljeekstrakt sjølv ved å: legge 3 splitta vaniljestenger i eit glas med tett lokk. Løs opp 1 ss sukker i 3 dl varm mørk rom og hell det over stengene. Oppbevarast mørkt og kjølig og er klar til bruk etter 4-5 veker.

Varm sjokoladesaus
Nok til å sprinkle over 16 brownies:
75 g mørk sjokolade, 70 %
1 ¼ dl kremfløyte
2 ts instant espresso kaffepulver oppløst i 2 ss vann
1 ss lys sirup

Slik gjer du:
Knekk sjokoladen og legg den i ein tjukkbotna kjele. Tilsett resten av ingrediensane, sett kjelen på svak varme og la alt smelte saman. Rør det godt saman når det har smelta, ta kjelen av varmen og hell sausen over i ei serveringsmugge. Serveres til brownies og vaniljeiskrem.

2 kommentarer:

  1. Skulla veldig gjerne ha vore naboen dokka ja.... ;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails