søndag 3. mai 2009

Stille søndag...

Kjeder meg nesten litt på søndager, synes alt står stille og at folk mest held seg heime. Det er ikkje kjekt å ordne og styre ute heller pga rasert uteområde. Vi skal snarast snakke med enteprenører no som skal få mure og grave til oss. Håper å få gjort det no i år da eg held på å klikke av heile greia! Ser at ungane heller ikkje finn roa til å leike utafor huset når vi ikkje har anna enn trampoline og en sanddunge. Føler også at det er liten nytte i å pirke ute no når det heile er så stygt uansett! Gleder meg til Sindre kjem heim no, så skal vi få bært opp grillen og laga litt koslig på verandaen i det minste. Treng litt stæsj, da, som for eksempel putekasser til både puter og uteleiker. Ligg og sleng no overalt etter at stormen tok dei to vi hadde og smadra dei i småbiter! Så skal vi snakke med Ingvar Emdal og få sett opp eit påbygg på verandaen, en slags fast paviliong. Ser at dette blir kostbart, men vi får gjere dei store tinga først, og pjaske etterpå med dei små. Det er i alle fall viktig for meg å tenke stort i planlegginga slik at vi ikkje treng å ta oppatt noko. Men vi har no styra litt på kjøkkenet i dag og laga mat. Mamma og pappa kjem heim fra hytta i dag, så da tenkte vi å ta med pastasalat og heimebaka grissini opp til ettermiddagsmat. Det blir deilig! Får ønske alle god søndag, da! Eg for min del gleder meg til helga er over...

3 kommentarer:

  1. E synst det e fantastisk deilig å slentre heime på søndaga...pjaske litt her og der og slappe av innimellom...
    Må prøve me på dissa grissiniane,ligg oppskrifta inne på Helsemklubben?

    SvarSlett
  2. Nei, kan legge den inn på bloggen min. Men må skrive alt først, kjem en av dei første dagane tenker eg.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails