mandag 15. juni 2009

Månedens blomst!

Far har lagt seg til en fantastisk kjekk vane, kvar heimreisedag kjem det ein bukettmed friske, fine blomster på døra! Det har han gjort no kvar gang sidan han begynteå reise ut, så ikkje slutt med det!!! :o)Som den jåla eg er da, så måtte eg maskere ut alt i bakgrunnen og gjere den kvit, det anbefalast ikkje da dette vart ein KJEMPEJOBB!!! Har meir eller mindre ikkje gjort anna i ettermiddag... Men det vart fint, da!

Ellers denne dagen, merkast det ganske voldsomt at papsen snart kjem heim, både på humøret til barna og til mamsen. Det går på stumpane laust no dei siste dagane og tolmodigheita er noko tynnslitt. Det skal bli godt å dele på feidene med far, sleppe å komme i klammeri heile tida aleine og vere megler i alt og eitt. For det ER jammen mange uenigheter mellom dei, diskuterte det med Vera i dag når vi gjekk bygdarunden, vi er ikkje aleine om kjekling og uharmonisk leik, akkurat...

Men no skal vi berre glede oss over at vi er samla att for ei stund, eg skal under kniven på torsdag, så det vert litt mykje som fell på paps da, ei stund framover. So long!

1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå at han he fått se sånne "uvana";)
    i dag blei vi minnt på kor dyrbar kvar einaste dag e!!! så kos dokke og nyt tida i lag;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails