mandag 27. juli 2009

Kvepsefest i Strandparken!

Vi har funne ut at ferie kan vere ganske kjedelig dersom sola er fraverande slik ho har vore den siste tida... Ikkje berre har sola vore vekke, men det har vore eit hendelses grisever med regn, regn og regn! Når mor ikkje er i storform heller, blir det ikkje mykje sprell og ungane har dei siste dagane nesten gått laus på kvarandre! Da var det godt med ein opplettsdag, vi hadde avtalt med Vera og jentene at vi skulle treffast i Strandparken dersom det ikkje pøsa ned og vi baka browniecookies, koka suppe på termos og tok med pakkenelliken ned i tretida. Det gikk sjølsagt ikkje eit minutt ein gong før Hennie datt med heile rompa i sjøen og blei kliss stort sett over alt! Men mor trudde ho hadde vore lur og pakka ekstra kle og sko! Saken er at vatn har magnetisk kraft og ikkje lenge etter ho var tørr, plumpa ho igjen! Men det var varmt nok fann vi ut til at det ikkje var eit problem! Ungane leika seg kjempegodt ilag og vi stussa litt over all kvepsen... men vi fann ut at det var Veronikas super-duper-delichious-fantastiske solboller som var åraken til kvepsehysteriet, så det var berre å hive i seg fort og gale det ein ville ha, før alt sammen blei flytta i trygg avstand og kvepsane fikk meske seg i fred og ro! Men deeelig var det!!! Sondre spedde på med litt browniecookies og var god, klissete og brun rundt munnen! Yammi!!!

2 kommentarer:

  1. Hehehe...ja, vannet er utrolig tiltrekkende for småttiser!! Høres ut som om dere hadde en fin dag...mmmmm...

    SvarSlett
  2. vi skal ha fleire slike daga;)men litt mindre kveps hadde vør fint...

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails