mandag 17. august 2009

Tur med tante Line

Denne søndgen hadde eg og tante Line planlagt å ta med ungane til Flofjellet sidan Malene er med mormor og morfar på hytta. Eg har aldri vore så langt framme i Hellesyltdalen før og vart ganske så overraska over kor fint og flatt det var! Vegen innover er kjempefin, hadde med vogn til Hennie da eg er godt vant med å måtte bære ho store deler av vegen. Den var heldigvis nesten ikkje i bruk, vart mest brukt til å frakte tursekken! Vegen var fylt av spennande opplevelser, kyr og sauer, elver med fine bruer og masse froskedammer! Det varte dessverre ikkje lenge innan både Hennie og Sondre vart blaut på føtene, må no berre hoppe oppi alle smådammane! Vi gikk berre fram til vatnet, fordi da vi kom dit begynte det virkelig å regne mykje! Vi var der ei stund likevel før vi vendte snuta heim, Line ringte til mamma og pappa og dei ville komme hit på middag. Når vi kom heim fekk vi også besøk av to søte snupper fra borti gata, Sondre har blitt så god venn med dei begge og det er veldig kjekt for store og små! Vi fekk høyre mykje om ferieturen til Isabelle og dei hadde hatt det veldig bra! Sondre vil også ta kiel-ferga slik at han får gå på sjørøverjakt! Malene tok med seg heile gjengen ut en tur etterpå så vi voksne fekk prate i ro og fred, det er godt å få litt avlastning og Malene fekk seg nokre kroner for å passe dei en liten time. Fin dag, fin tur! Blir ikkje siste gangen vi reiser innover den dalen!

1 kommentar:

  1. Høyres ut som en flott tur ditta!! :) Ej he gått opp på Flofjellet en gang tidligere, men frå andre sida. Kjempefin tur det òg, men ganske bratt på den sida hvis ej huska rett... :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails