lørdag 5. september 2009

Strandadagane med tivoli!!!

Det har vore hektiske dager den siste måneden og det vert lengre og lengre tid mellom kvart innlegg... Paradokset er at årsaken til at bloggen vart oppretta, er at Sindre skal kunne følge med på kvardagen her heime, men når eg er heime aleine blir det nesten ikkje tid til sånt! Ikkje for å klage, sltså, berre til info!

I dag har det i alle fall vore full baluba her i heimen, det har vore ei gradvis oppbygging til dagen i og med at tivolibilane har parkert i sentrum. Bilane er ikkje akkurat av nøytral utsjånad, så det er ingen tvil om at det skal bli MORO!!! Det var annonsert i Sunnmøringen at Eliasbåten skulle besøke Stranda og at han ville ligge ved kai fra klokka 11.00. Vi rakk det med god margin, men både Sondre og Hennie var skeptiske og ville IKKJE sitte på, til tross for sterke anbefalinger både fra mor og representant fra Redningsselskapet. Vil ikkje akkurat tvinge dei heller, så vi tok en tur bort til karusellane og køyrte mor god og blakk, så besøk til minibank vart nødvendig! Vi surra litt rundt og endte tilbake til tivoliområdet og tok enda fleire karuseller heilt til Håkon kom. Han ville inni en dinosaurushoppeslottsak og den ville gjerne mine også inni. Hennie fekk ikkje lov pga størrelse, så ho raste heilt til vi traff Ingrid fra barnehagen og dei køyrte nokre runder i lag mens bror hoppa og leika i dinosaurusen. Etter det gjekk vi tilbake til kaia og da ville gjerne Hennie prøve redningsvest, og VIPS, så satt ho i båten! Når Sondre såg det, skulle han ikkje vere verre på det, så han også manna seg opp! Knipsa masse bilder av dei og dei strålte omkapp begge to! Etter det planla vi heimreise, men vart distrahert fleire ganger av spennande hoppe-sklie-klatre-apparat som alle var svææært spennande! Vi for heim i to-tida da Sondre måtte ordne seg til bursdagsfeiring til bestevenn Iver. Før vi leverte han kjøpte vi gave som Sondre mest hadde lyst til å beholde sjøl (litt sur faktisk...) Mens han var der, gjekk eg og Hennie rundt i sentrum med Veronika og jentene, såg på linedance og i butikker og rusla rundt i tivoliområdet. Må seie det er den mest omfattande markeringa av Strandadagane eg har opplevd, bra at dei legg det til Alperittet sykkel, så blir det litt ekstra ut av det. Stemninga var kjempegod og alle var fornøgde! Ikkje minst oss :o)

2 kommentarer:

  1. Så koselig at dere hadde det gøy på strandadagene. Hørtes ut som et vellykket arrangement. Jeg skjønner ikke hvordan dere kommer dere helskinnet igjennom hverdagen med all reisingen og tid borte fra hverandre, men alt blir vel sikkert en vane til slutt? God idé angående middagstipsblogg! Kunne absolutt ha trengt inspirasjon til gode middager!

    SvarSlett
  2. Vi hadde en liten tur i dag oxo;)Leane vil gjerne vere med på alt,mens ho hi va fornøgd med å vinne se en bamse;) Virka som alle e so fornøgd med dagane,e synst det berre kan vere på dinne tida ta året og ikkje når alle andre har det...lettare å drage til se folk utabygdes frå.
    men va ikkje so mykje folk i dag som i går,så sykkelrittet trekke nok ekstra folk det oxo ja=)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails