tirsdag 29. desember 2009

Skidag!

Det er vakkert vintervær ute og etter vi hadde sett Flåklypa på DVD for n'te gang, bestemte vi oss for å sjekke om skisko, ski og staver holdt mål i år også. Det kan tyde på at Hennie treng nye ski og sko da skoa hennar var for trange og er meint for gamletypen bindinger. Blir nok ei ordning med det og optimismen var heilt grei medan vi enda var inne. I det samme skia var påkopla nede på vegen, satte Sondre i veg bortover mens Hennie vart superstressa og skulle så absolutt konkurrere med han. No er Hennie meir som Bambi på glattisen på ski, så dette gjekk heller dårlig. Ho hang som eit slips på meg og heile seansen vart kortvarig da ho fann ut etter vel 50 meter at dette gadd ho ikkje overhodet! Så spaserte ho til postkassa og alt var såre vel. Verre gjekk det på tilbaketuren, veit ikkje kva som gjekk gale med Sondregutten, men han klikka fullstendig når han måtte ta skia sine sjølv, eg hadde nok å bære på meinte eg, og la i veg. Da vart han berre surare og surare og heile episoden endte med at han hylskreik så han nesten ikkje greide å gå siste biten. Sånn vart resten av dagen vår, dessverre. Så ingen god dag, barna har krangla og erta kvarandre, leikene har nesten blitt slitt i to pga av at begge naturligvis hadde tenkt å leike samtidig med samme leika. Heile tida! Vart glad da mormor tilbydde seg å ta dei så eg kunne ta ein tur handle litt. Ein tur på kolonialen med desse to var absolutt ikkje fristande, men når eg kunne ta ein tur i ro og mak, vart det noko heilt anna!!! No skal det leggast så vi kan starte på ny frisk i morgon :o)

3 kommentarer:

  1. Dei ser no veldig søte ut her da... ;) Veldig godt når det er leggetid, etter ein slik dag... vi har hatt nokre heftige daga her også... Så når kl bikka 19.... ja da senker roa seg, og det må ein, utan dårlig samvittighet ;), kunne seie er veldig godt...
    Stor klem ♥

    SvarSlett
  2. HAHAHAHAHA!!! Unnskyld at jeg ler....men det er godt å lese om andre trassetroll:-) Ekte søskenkjærlighet på sitt beste!! Jeg regner med at de er slitne etter julen de også. Her i huset er formelen slik: Sliten = suuuuuuuur! Håper det gikk seg til. Klem fra Siljus

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails