lørdag 25. april 2009

Idyll ved Strandparken

I dag er det breie smil og god stemning i Svorkåsleiren. Vi har hatt ein aldeles fantastisk dag i lag med gode venner ved Strandparken i Helsemvika. Eg sendte ut ei tekstmelding i dag tidleg om at vi pakka picnickorg og var klar rundt ett og velkommen den som kunne. Veronika troppa opp med full familie og fantastisk pastasalat som ho som vanleg delte med stor glede, vi åt naturlegvis også med stooor glede! :o) Randi med familie var på dugnad i barnehagen, men kom etter kvart, Edna hadde eit familieselskap å gå på i Hellesylt. Men du og du kor deilig det var, vi er lett solbrente og ungane har leika seg utruleg fint ilag heile dagen, Sondre var såpass lite klar for å gå heim klokka fire, at han skreik seg til eit besøk med Ruda. Håper det blir MANGE sånne dager, folkens! Synes vi har fått gjort mykje bra planarbeid i dag! Og Veronika.... GO FOR IT!!!!

No gler vi oss stort over den første virkelige vår/sommerfølelsen, det er berre så deilig å bo her inne når vi har badeplassen så like utanfor døra. Hadde vore veldig kjekt om det kunne bli eit samlingspunkt for barn og voksne utover våren og sommaren. Vi skal i alle fall vere flittige framover!

God helg til alle!

2 kommentarer:

  1. Takk for en herlig dag!
    Herlige bilde blei det oxo;)
    diskusjonen går litt att og fram her,men e tru ikkje det e en drøm som bli realisert i næraste framtid...

    SvarSlett
  2. hei....no blir ej nysgjerrig!!! ka so diskuterast? noke spennande?? :D
    Høyres forresten ut som om dokke he hatt en fantastisk dag, kvalitetstid!!! :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails