søndag 13. september 2009

En fiiiin søndag!

I dag stod vi opp til regn igjen, men etter nokre timer skein sola i vinduskarmen! Nesten sånn at ein blir bekymra... Men vi teksta heile familien om tur til Ljøbrekka, og fekk FULL UTTELLING!!! Jodda, papsen er på Nordsjøen, onkel Nippen likeså og onkel Pål på skule og Bessfar heime i Trøndelag, men alle andre stilte på! Klokka 12 labba vi i vei oppetter stien og alle var med og drog lasset (les: Hennie). Sondre og Håkon såg vi ikkje meir til, der slo konkurranseinstinktet inn i det øyeblikk bildøra gjekk opp, men ellers tok vi det riktig piano oppetter og ga lillemor tid til å gå sjøl. Det gjorde ho i stor grad også, såpass bra at når vi kom opp til vatnet, bestemte at vi skulle prøve heilt opp for å skrive namna i boka. Dei dekk no ei god pause med sjokolade og drikke og leik før vi tok laust på sikk-sakk-vegane og det var telling av svinger og lokking om meir sjokolade som blei motivasjonen. Hennie sessa seg på alle dei skuldrene ho kunne, tante Line vart det mest naturlige pakkeselet, da ho aldri syt og bær seg over sånt! Lillevenninda kom seg no opp til slutt, gutane var i kjempeslag og sprang mest heile vegen! Vel oppe vart det mat og drikke, men det blas godt og vi vart ikkje verande lenge. En liten rast vart det ved vatnet på veg nedatt, men det var middagstid og alle kjente at det vart nok fjell... Hennie knalla såklart i bilen heim og vart KJEMPESUR for å bli vekt, men bessmor lovte kroneis til dessert og da var smilet på plass att! Resten av dagen her no gått i ei fart... kor vart den av, liksom? No har freda senka seg i Svorkåsheimen, det er fotball på TV'n, så da er det bloggetid for meg! Gleder meg no til ei ny veke med papsen heim i morgon kveld, og masse kjekt arbeid ute og utgivelse av nytt magasin. KNALL!!!

2 kommentarer:

  1. Ser ut som det e koslig med familietur!!!
    Fine bilde fortel mykje og da;)
    å ka deilig det må vere å få begynne på en heilt ny og fresh hage...
    ha ei fin veke! vi sjåast;)

    SvarSlett
  2. Såå koselig med tur sammen med familien!!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails