lørdag 3. oktober 2009

Fyttikatta for ei veke!!!

Denne veka har vore ein prøvelse uten like for ho mor sjøl! Mandag hadde eg time hos tannlegen som skulle rotfylle ein jeksel, alt var planlagt fra før, grudde meg naturligvis litt, men såg ikkje på det som eit stort problem, da deg for berre ein månad sidan tok ei anna tann ved samme klinikk. Satte meg i stolen og første bedøvelsessprøyte gjekk inn, venta litt og konstanterte at den ikkje virka som den skulle. Bedøvde leppa og tunga, men ikkje nerven i tanna. Så kan vi vel berre repetere denne prosedyren 5 ganger til uten at vi kom ett hakk videre, og det vart sagt at det skjedde pga betennelse i nerven. Så skulle vi kanskje satt punktum, gått på litt antibiotika og tatt det att, men NEIDA!!! Etter over to timer i stolen bestemmer han seg for å rotfylle uten bedøvelse og dette er ABSOLUTT ingenting eg kan anbefale videre! Det viste seg etter rotfyllingane (3 kanaler) at den eine ikkje var bra, så da skulle han trekke den rota av tanna han ikkje fekk til å rotfylle. Dei meinte at kjeven var tilstrekkelig bedøvd etter alle rundane med sprøyter, men akk, nei! Og når rota var knekt, måtte den jo UT! Herrejemini!!! Når eg kom ut etter 5 timer i stolen, var eg segneferdig, utskreken og totalt vettaskremt! Etter dette har det vore 5 døgn no med ganske intense smerter, og pussig nok vil heller ikkje paralgin forte eller pinex forte virke meir enn ca en time... Aner virkelig ikkje kva som skjer og kvifor det skjer, men no det siste døgnet føler eg meg hakket bedre og håper eg er relativt frisk att til mandagen, når Sindre må reise ut att. Moralen i historien er for all del: IKKJE ROTFYLL UTEN BEDØVELSE, og HELLER IKKJE TREKK TENNER UTEN BEDØVELSE!!!

4 kommentarer:

  1. Fy og han faen altså!!! Ein kan vel også anbefale å IKKJE besøke Hr.Kling fleire gongar!!
    Trur kanskje ikkje tannlegeskrekken din forsvinn med det første...
    Neste gang... APPOLONIA!! Kosta ka det koste vil sei no berre ej, dei e kanonflinke der!!
    I PROMISE YOU!!!!
    Stor trøsteklem frå mej vennen <3

    SvarSlett
  2. WWÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ! ÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!! dette er HORRIBELT og totalt marerittaktig! *gulp* Stakkars deg, og det mener jeg fra hjerterota!

    SvarSlett
  3. OHHHH MY GOOOOOOD!!!
    e det anna vente følk fe skrekken!!!
    synst det e heilt NAZZZZI å drage de igjennom et sånt HELVETE!!!
    det går frysninga igjennom ryggmargen...
    håpe virkelig du he det MYKJE bedre no vennen!!!
    klem<3

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails