søndag 27. desember 2009

Eit samandrag av julefeiringa vår 09

Vi har hatt ei kjempefin julefeiring i år, vi har kome til bords og blitt servert middag etter middag, einaste oppgåva mi, var å lage svineribbe med tilhøyrande saus og bake rundstykker til julelunsjen (som har blitt fast tradisjon). Eg et ikkje nokon form for ribbe og har alltid synes det var greit med alt tilbehøret. Det er luktene som fyller huset, samt lydane fra Askepott og Sølvguttene som er jula for meg. Ungane har hatt elendig apetitt heile jula, men det er kanskje naturlig når det står fat og skåler framme overalt med allskens gode saker... Kan ikkje klandre dei for å velge det beste dei veit; GODIS!!! Ungane imponerte i år med å ikkje mase om gavene, dei aksepterte beskjeden om at gaveåpninga skulle skje etter middag. Både eg og Sindre vart litt overraska over at dei lot det bli med det...
Det var Malene som begynte som gaveutdeler, men dessverre vart dei fleste litt for utålmodig og Sindre tok over oppgava. Det vart mange gledeshyl i stova dei neste timane kan dykk tru! Heldigvis vart dei glade for alt og viste glede også over mjukepakkane. Det vart så mange flotte gaver og timane gjekk, plutselig var klokka over 9 og Hennie hang med geipen, trøtt som ei strømpe. Da pakka vi alt sammen igjen og reiste heim, resten av julekvelden kosa vi oss i ro og fred heime, eg og mannen min.
1. juledag var det full forsoving, begge ungane sov til 9 og da spratt vi alle ut av senga for å angripe gavene fra kvelden før. Det vart pakka ut og montert og sortert heile den morgonen og ungane kosa seg heilt fram til vi drog på restemiddag med mamma og pappa. Der var også Line og Malene, vi spilte Yatzy, fikk besøk av tante Rigmor og tante Inger som var ute på tur, spiste tonnevis med mat og dessert og leika med dei nye leikene våre til seint på kveld.
2. juledag var busy for mor, vi skulle ha gjester om kvelden, vi hadde innvitert fleire par, men 4 gode naboer hadde anledning, så da kosa eg meg med matlaging den dagen. Ungane vart etter kvart køyrt opp til mormor og morfar for overnattings, vi hadde deilig og avslappa treff med Randi og Helge, og Carlen og Jan Helge. Mange flasker vin og fleire tapasretter vart konsumert, kvelden vart kjempebra!
I dag har vi hatt familiemiddag her med rester fra i går, pluss nokre nye... Litt for einkvar smak! Sindre reiser på jobb i morgon, så no starter ei anna jul for oss andre. Blir litt rart å feire nyttår uten mannen min her, det er niande nyttåret vi har i lag, det er berre heilt sprøtt å tenke på! Ønsker alle ei fortsatt god jul, eg seier ingenting om det nye året enda, SKAL blogge innan den tid! :o)

5 kommentarer:

  1. For noen flotte bilder. Høres ut som om dere har hatt en koselig julefeiring! Koselig kollasje, takk for det!

    SvarSlett
  2. Så koselig Rita, høyres ut som ei perfekt julefeiring!! :) kos dokke vidare snuppa mi, gla i dokke!! <3

    SvarSlett
  3. Hei, hei, og god jul!
    Har eit kjempeviktig spørsmål frå Iver! Han lurer på kva spel Sondre fekk til DS-en sin?

    SvarSlett
  4. Hi-hi!
    Han fekk ganske mange, faktisk...
    -Josefine "Magi i eventyrland"
    -Josefine "Tåke i tallheimen"
    -Carnival Games
    -Viva Pinata (Pocket paradise)
    -Lek og lær med Labbe Langøre
    -Top Trumps (Horror & Predators) ser litt skummel ut...
    -Amerikanske drage (7+)

    Alle er 3+ utenom den siste. Fekk Iver også DSi?

    SvarSlett
  5. Litt treig å svare eg. Men ja, Iver fekk også Nintendo. Han fekk RaceORama (lynet Mcqueen) og Littles Petshop. Kjempefornøgd. Men trur han blei litt misunnelig på Sondre då Iver fekk høyre kor mange spel Sondre hadde fått!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails