søndag 7. februar 2010

Snowboarddebut på Strandafjellet

I går var det altså Sondres første dag på snowboard og vi hadde leigd instruktør til han klokka 10, og leigde i første omgang utstyr (klok av skade..) Det hadde vore BANKERS å kjøpe til han, for han DIGGA det!!! Så mykje faktisk at har gjerne ville opp å øve seg i dag igjen :o)
Kjekt var det for store og små, Sindre har planer om å ta seg ein time sjølv, men denne dagen var den beste dei to nokon gang hadde hatt i lag, og det synes eg var flott å tenke på. Så får han også masse frisk luft og sovna trøtt og god i går kveld! No er det Hennie som er sjalu, må vite ho også vil på SNOUBÅRD! Eg hadde tenkt at eg og ho skal prøve oss på slalom igjen (eg etter 19 år uten ski på beina...) For å seie det sånn; Carvingski er eit nytt og uprøvd tema for meg. Men godt å tenke på at det er mykje enklare enn dei gamle skia. KJEKT!!! Klart vi må bruke dette eldoradoet vi har rett utanfor dørene våre!!! I dag er vi altså heime da ho var litt pjusk i går, lillemora. I dag er ho i kjempeform, men vi tar det likevel litt med ro, har berre vore litt ute og rydda utestua, måka snø og rydda utestua etter Hennie rota den ut att. Resten av helga skal vi kose oss, i morgon drar far ut att i den store sjøen, så det gjeld å nyte øyeblikka! Fortsatt god helg!

3 kommentarer:

  1. Så braaa, at bror likte det!! Hels å sei at tantecilie også DIGGA snowboard!! Det var kjekt å høyre at det gjekk bra!
    Ja dokke e heldige so he bakken so nært, det e virkelig eit eldorado!!

    Helse alle sammen, gla i dokke! :) klæm

    SvarSlett
  2. kuuuul bårder ska tidlig krøkast;)))
    e he dårlig samvittigheit for at e begrensa muligheitene te jentene...
    he berre så dårlige minne fra fjellet...
    aldri orntli utstyr, og alltid kald...
    må vel prøve å snu erfaringane til noke positivt for dei;)
    kanskje vi skulla prøvd oss på jentekveld ja???
    sjå om oss kan bli litt sånn ski-beibs ???
    bårder-beibs e vel å prøve litt vel hardt ???*LOL*

    SvarSlett
  3. Kanskje neste KLUBBTUR går til Strandafjellet?
    Foreningskveld :D

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails